Farleg avfallPlastemballasje

Reingjeringsmiddel

Sorteres som Farleg avfall eller Plastemballasje i

Greit å vite

  • Er du i tvil om noko er farleg avfall, er det best å ikkje ta sjanser: levér det uansett som farleg avfall.
     
    Farleg avfall inneheld miljø-og helseskadelege stoff og kan gjere stor skade om det havnar på avvege (eller i restavfallet).
  • Plastemballasjen er klar for sortering når det ikkje er matrestar eller andre produktrestar igjen.

Enkelte reingjeringsflasker har eit tynt plastbelegg på utsida som er tilrettelagd for å kunne rivas av (ei sleeve). Riv av sleeven og sorter både den og flaska som plastemballasje.


Sjekk faremerka

Er det innhald igjen i ei flaske med faremerker på, leverer du den alltid som farleg avfall.


Tomme og drypptørre flasker sorterer du som plastemballasje om emballasjen kun er merka med Helsefarleg, Miljøfarleg og/eller Etsande. Du sorterer dei som plastemballasje om det står "Advarsel" under faresymbolene “Brannfarleg” og “Kronisk helsefare”.


Lever alltid flasker som farleg avfall om dei er merka med andre faremerker eller det står "Fare" under eit av merka.


Kvifor rive av sleeven?

Når plastflaska kjem til sorteringsanlegget skal maskinene sortere plasten i ulike plasttypar. Difor er du med på å gjere sorteringsjobben enklere og sikre gjenvinninga ved å skilje dei to plasttypene før du kjeldesorterer dei.