Plastflaske utan pant
Sorterer de som plastemballasje eller hardplastemballasje på jobb
Plastflasker brukt som emballasje, til dømes til drikkevarer, vaskemiddel eller skyljevæske (natriumklorid), og som det ikkje er pant på.
- Tøm, skyl og rist plastflaskene tørre før du sorterer dei.
- Korkar av plast, som kan takast av, sorterer de som plastemballasje.
- Tomme og tørre plastflasker som har innehalde farleg avfall og er merkt med «miljøfare», «helsefare» eller «etsande», sorterar de som plastemballasje. Det same gjeld når emballasjen er merkt «kronisk helsefare» eller «brannfarleg» og har signalordet «ADVARSEL».
- Plastflasker som har innehalde farlege stoff og er merkt med «akutt giftig», «oksiderande» eller «gass under trykk», er farleg avfall og leveringspliktig. Det same gjeld når emballasjen er merkt «kronisk helsefare» eller «brannfarleg» og har signalordet «FARE».
Invester i behaldarar av god kvalitet, og kjøp påfyll av produkt de brukar mykje av, som til dømes handsåpe eller vaskemiddel. Då er det enkelt å fylle på når behaldaren er tom, samstundes som forbruket av eingongsplast blir redusert.