Kvikksølvhaldige termometer
Sorterer de som avfall som inneheld kvikksølv på jobb
Kvikksølvtermometer vart forbode å selje i Noreg i 1998. Nyare termometer inneheld ikkje kvikksølv.
Dersom eit kvikksølvhaldig termometer knuser:
- Samle opp dei knuste kvikksølvkulene med eit fukta papirhandkle.
- Om det er vanskeleg å komme til i sprekker, tepper eller liknande, kan de strø på svovelpulver eller fikseringssalt og la det liggje over kulene i minst eitt døgn. Pulveret bind seg til kvikksølvet og hindrar vidare fordamping. De får kjøpt svovelpulver på apoteket og fikseringssalt i fotobutikkar.
- Fjern deretter kvikksølvet og oppbevar det i tett emballasje, til dømes eit glas med skrulokk.
- Luft godt ut av rommet der kvikksølvet vart sølt.
- Unngå å bruke støvsugar. Varmen frå støvsugaren kan danne giftig kvikksølvdamp og spreie dampen endå meir. Slå òg av varmekablar i golvet for å redusere fordamping.
Kjelde: Giftinformasjonen, Folkehelseinstituttet