Tegl og takstein

Tegl, eller teglstein, er murstein som blir framstilt av leire ved forming og brenning. Takstein er stein som blir brukt til taktekking. 

Teglavfall kan være forureina av miljøgifter som til dømes PCB, PAH og tungmetall. Ved å sortere dette riktig hindrar vi at miljøgifter kjem på avvege.

Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Tegl og takstein på jobb

  1. Sorter rein tegl og takstein i container på arbeidsplassen.
  2. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.

Tegl og takstein som er forureina:

  • Finn ut kor forureina avfallet er før det blir levert. Teglavfall over ein viss forureiningsgrad blir transportert direkte til godkjent deponi.


Typiske produkt de sorterer som tegl og takstein på jobb:

  • Murverk 
  • Belegning på gangvegar
  • Taktekking


Typiske produkt de ikkje sorterer som tegl og takstein på jobb:

  • Tegl og takstein som inneheld organisk materiale, tak- og tjærepapp, forureina massar og framandelement
  • Forureina avfall
  • Andre avfallstypar