Smittefarleg avfall
Smittefarleg avfall er avfall frå medisinsk behandling, veterinærbehandling, forsking, diagnostikk eller undervisning.
Avfallet kan òg innehalde levedyktige mikroorganismar eller giftene deira, som kan føre til sjukdom hos menneske eller andre levande organismar.
Slik handterer de Smittefarleg avfall på jobb
Handtering av smittefarleg avfall frå helse- og dyrehelsetenesta er regulert gjennom ei eiga lovforskrift.
- Sorter avfallet i gule behaldarar som er meinte for oppbevaring og transport av smittefarleg avfall. Smittefarleg avfall skal alltid bli oppbevart utilgjengeleg for uvedkommande.
- Merk behaldarane tydeleg med «smittefarleg avfall» og EAL-kode 180103 eller 180202 (som viser til avfallet sitt opphav).
- Smittefarleg avfall er farleg gods. Bestill henting separat til eit avtalt tidspunkt, etter avtale med sluttbehandlar.
Typiske produkt de sorterer som smittefarleg avfall på jobb:
- Sekret
- Bandasje/bleier brukte på pasientar med alvorlege infeksjonar
- Kanylar
- Blodprøveutstyr
- Stikkande/skjerande avfall
- Patologisk avfall, som materiale med blod, vevsprøver og andre biologiske prøver frå menneske eller dyr
Typiske produkt de ikkje sorterer som smittefarleg avfall på jobb:
- Animalsk avfall, som dyrekadaver, slakteavfall, kassert mjølk osv.
- Ikkje smittefarleg avfall frå helsetenesta
- Ikkje smittefarleg avfall frå dyrehelsetenesta
- Medisinavfall