Restavfall
Restavfall er det avfallet som er igjen etter at alt sorterbart avfall er sortert ut. Restavfall består ofte av materiale som er vanskeleg å skilje frå kvarandre, eller som er skittent.
Slik handterer de Restavfall på jobb
- Sorter restavfall i sekkar/behaldarar/container eller lever det på ein miljøstasjon eller på eit avfallsrom.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.
Typiske produkt de sorterer som restavfall på jobb:
- Tilgrisa emballasje
- Blandingsemballasje
- Snus
- Øydelagde pennar, blyantar, stiftemaskinar
Typiske produkt de ikkje sorterer som restavfall på jobb:
- Matavfall og flytande væske
- Plastemballasje
- Impregnert og kreosotbehandla trevirke
- Smittefarleg avfall, medisinavfall og risikoavfall
- Bildekk
- Elektronikk
- Asbesthaldige materiale
- Farleg avfall (olje, måling, batteri, kjemikaliar, lyskjelder o.l.)
- Brann- og eksplosjonsfarleg materiale
- Radioaktive stoff
- Gips
- Tau, trosser og fiskegarn