Papp
Papp blir brukt til innpakking av møblar, kvitvarer eller som transportemballasje.
Bølgjepapp er ein type papp som er kjenneteikna ved at minst eitt av laga i pappen er “bølga”.
Slik handterer de Papp på jobb
- Sorter papp separat frå anna avfall.
- Fjern plast, metallbitar eller tape frå pappen. Litt tape og stiftar kan sitte på.
- Brett pappen saman.
- Oppbevar papp i større behaldar eller container.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak. Bedrifta må dekke kostnadane for oppbevaring og transport til mottaksanlegget, men sjølve pappen er gratis å levere.
Typiske produkt de sorterer som papp på jobb:
- Transportemballasje
- Flyttekasser
- Pappkassar til transport av til dømes møblar, kvitvarer, sportsutstyr, klede, mat og drikkevarer
Typiske produkt de ikkje sorterer som papp på jobb:
- Stroppeband
- Laminat og produkt som inneheld plast
- Aviser, tidsskrift, vekeblad og reklame
- Brevpapir, konvoluttar, kopipapir, datalister
- Drikke- og eggkartong
- Våt bølgjepapp
- Anna avfall