Metallspon
Metallspon er avfall etter dreiing, fresing eller boring.
Det er svært energisparande å gjenvinne metall samanlikna med å utvinne nye råmateriale. Opptil 80 % av alt metall som nokon gong er produsert, er utruleg nok framleis i bruk og har vore resirkulert utan tap av kvalitet.
Slik handterer de Metallspon på jobb
- Sorter metallspon separat frå andre avfallstypar
- Oppbevar metallspon i ein eigna behaldar eller container.
- Nokre sorterer metallspon samla, medan andre sorterer spon frå ulike metall kvar for seg. Er du usikker på kva som gjeld for bedrifta di? Ta kontakt med avfallsselskapet de har avtale med.
For stålspon frå SFK-kulelager:
- Sorter stålspon frå SFK-kulelager for seg. Det inneheld smøreolje og inngår som farleg avfall.
- Merk emballasjen slik at det kjem tydeleg fram at avfallet er farleg avfall. Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
- Avhengig av kva avtale de har, blir dei ulike plasttypane anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.
Typiske produkt de sorterer som metallspon på jobb:
Avfall etter dreiing, fresing eller boring av:
- Stål (stålspon)
- Aluminium (aluminiumspon)
- Jern (jernspon)
- Kopar (koparspon)
- Messing (messingspon)
Typiske produkt de ikkje sorterer som metallspon på jobb:
- Papir
- Plast
- Metall og små avkapp
- Avfall eller andre forureiningar