Ikkje-forureina massar
Ikkje-forureina massar er gravemassar som jord, torv, myr, stein, grus og andre massar som ikkje overstig normverdiar for forureina grunn.
Normverdiane for forureina grunn står i vedlegg 1 til kapittel 2 i forureiningsforskrifta, og definerer når massar blir rekna som forureina.
Slik handterer de Ikkje-forureina massar på jobb
- Gjennomfør analysar for å avdekke forureiningsgraden. Viser det seg at massane er forureina, kan det vere snakk om lett forureina massar, forureina massar eller massar over grensa for farleg avfall.
- Last ned skjema for basiskarakterisering, fyll det ut og lever det saman med avfallet.
- Er de usikre på korleis de skal gjennomføre analysen eller basiskarakteriseringa? Ta kontakt med avfallsselskapet dykkar for rettleiing.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste godkjende mottak.
Ver merksame på at sjølv om eit mottak har løyve til å ta imot ein avfallstype, har det ikkje nødvendigvis plikt til å ta imot avfallet. Ulike deponi og avfallsanlegg kan også ha eigne mottakskriterium som skil seg frå avfallsforskrifta. Ta gjerne kontakt med mottaket på førehand dersom de er usikre på om dei kan ta imot massane.
Typiske produkt de sorterer som ikkje-forureina massar på jobb:
Ikkje-forureina massar frå graving:
- Jord
- Torv
- Grus
- Stein
- Myr
Typiske produkt de ikkje sorterer som ikkje-forureina massar på jobb:
- Betong med armering
- Betong utan armering
- Lett forureina massar
- Forureina massar
- Forureina betong og tegl
- Massar over grensa for farleg avfall