Gummigranulat
Gummigranulat er små bitar av resirkulert gummi, ofte brukt som støtdempande fyllmasse på fotball- og idrettsbaner.
Gummigranulat frå kunstgras som inneheld miljøfarlege stoff, leverer de som farleg avfall.
Slik handterer de Gummigranulat på jobb
Gummigranulat frå kunstgras: Finn ut om avfallet er farleg avfall. Kontakt eit avfallsselskap for analyse av kunstgraset.
- Lever gummigranulat som inneheld miljøfarlege stoff som farleg avfall til eit godkjent mottak.
- Lever gummigranulat som ikkje inneheld miljøfarlege stoff som restavfall.
- Fjern gummigranulat frå matta frå kunstgrasbaner før matta blir levert til deponi.
- Samle gummigranulat i containerar eller med sugebil.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.
Typiske produkt de sorterer som gummigranualt på jobb:
- Kunstgrasbaner
- Idrettsbaner
- Underlag på leikeplassar
Typiske produkt de ikkje sorterer som gummigranulat på jobb:
- Kasserte dekk