Forureina betong og tegl
Betong, tegl og murprodukt med og utan armering som er forureina, men ikkje farleg avfall. Dette omfattar òg betong og tegl med synleg forureining.
Avfall blir rekna som farleg avfall når det oppfyller kriteria i vedlegg 2, til avfallsforskrifta kapittel 11.
Slik handterer de Forureina betong og tegl på jobb
- Gjennomfør analysar for å avdekke forureiningsgraden.
- Last ned skjema for basiskarakterisering, fyll det ut og lever det saman med avfallet.
- Er de usikre på korleis de skal gjennomføre analysen eller basiskarakteriseringa? Ta kontakt med avfallsselskapet dykkar for rettleiing.
- Avhengig av kva avtale de har, blir betongen anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste godkjende mottak.
Ver merksame på at sjølv om eit mottak har løyve til å ta imot ein avfallstype, har det ikkje nødvendigvis plikt til å ta imot avfallet. Ulike deponi og avfallsanlegg kan også ha eigne mottakskriterium som skil seg frå avfallsforskrifta. Ta gjerne kontakt med mottaket på førehand dersom de er usikre på om dei kan ta imot betongen.
Typiske produkt de sorterer som forureina betong, tegl og murprodukt med og uten armering:
- Betong og tegl frå riveprosjekt
- Benkar og bord i betong
- Trappetrinn i betong
- Teglstein og murstein frå fasadar og murverk
Typiske produkt de ikkje sorterer som forureina betong, tegl og murprodukt med og uten armering:
- Betong med og uten armering som ikkje er forureina
- Massar over grensa for farleg avfall
- Ikkje-forureina massar
- Lett forureina massar
- Forureina massar