Farleg avfall

Farleg avfall er avfall som kan medføre fare for helse, liv og miljø.

Verksemda har sjølv ansvar for å undersøkje om avfallet som oppstår er farleg avfall. Alt farleg avfall må de emballere, merke og oppbevare forsvarleg for å unngå forureining eller skade på menneske eller dyr.

Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Farleg avfall på jobb

  1. Oppbevar farleg avfall slik at det ikkje medfører fare for helse, liv og miljø.
  2. Sorter ulike typar farleg avfall kvar for seg.
  3. Oppbevar helst farleg avfall i originalemballasjen og sørg for at emballasjen er tett. Unngå å ha avfallsstoff som kan reagere med kvarandre, i nærleiken av kvarandre.
  4. Merk emballasjen slik at det kjem tydeleg fram at avfallet er farleg avfall. 
  5. Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
  6. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.


Slik handterer de grave- og rivemassar over grensa for farleg avfall:

  1. Gjennomfør analysar for å avdekke forureiningsgraden.
  2. Last ned skjema for basiskarakterisering, fyll det ut og lever det saman med avfallet.
  3. Er de usikre på korleis de skal gjennomføre analysen eller basiskarakteriseringa? Ta kontakt med avfallsselskapet de har avtale med for rettleiing.
  4. Ta kontakt med avfallsselskapet dykkar før de leverer massane. Ver merksame på at sjølv om eit mottak har løyve til å ta imot ein avfallstype, har dei ikkje nødvendigvis plikt til å ta den imot. Ulike deponi og avfallsanlegg kan også ha eigne mottakskriterium som avvik frå avfallsforskrifta.



Typiske produkt de sorterer som farleg avfall på jobb:

  • Massar over grensa for farleg avfall
  • Spillolje, refusjonsbetinga
  • Spillolje, ikkje refusjonsbetinga
  • Olje- og fettavfall
  • Oljeforureina masse
  • Drivstoff og fyringsolje
  • Oljefilter
  • Organiske løysemiddel utan halogen
  • Måling, lim og lakk
  • Sprayboksar
  • Blyakkumulatorar
  • Småbatteri
  • Litiumbatteri
  • Blåsesand
  • Polymeriserande stoff, isocyanatar
  • Herdarar, organiske peroksid
  • Reingjeringsmiddel
  • Surt organisk avfall
  • Basisk organisk avfall
  • Gassar i trykkbehaldarar