Betong med armering
Betong med armering som ikkje er forureina, verken i materialet eller på overflata. Dette kan til dømes vere beresøyler og bjelkar frå riveprosjekt, trapper i armert betong eller bru- og bryggjeelement.
Finn avfallsselskap i kart →
Slik handterer de Betong med armering på jobb
- Gjennomfør analysar for å avdekke forureiningsgrad. Viser det seg at betongen er forureina? Då er det anten snakk om forureina betong og tegl eller massar over grensa for farleg avfall.
- Last ned skjema for basiskarakterisering, fyll det ut og lever det saman med avfallet.
- Er de usikre på korleis de skal gjennomføre analysen eller basiskarakteriseringa? Ta kontakt med avfallsselskapet dykkar for rettleiing.
- Avhengig av kva avtale de har, blir betongen anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste godkjende mottak.
Ver merksame på at sjølv om eit mottak har løyve til å ta imot ein avfallstype, har det ikkje nødvendigvis plikt til å ta imot avfallet. Ulike deponi og avfallsanlegg kan også ha eigne mottakskriterium som skil seg frå avfallsforskrifta. Ta gjerne kontakt med mottaket på førehand dersom de er usikre på om dei kan ta imot betongen.
Typiske produkt de sorterer som betong med armering:
- Beresøyler og bjelkar
- Balkongar
- Trapper i armert betong
- Bruelement
Typiske produkt de ikkje sorterer som betong med armering:
- Betong utan armering
- Forureina betong og tegl
- Stein
- Grus
- Jord
- Ikkje-forureina massar
- Lett forureina massar
- Forureina massar
- Massar over grensa for farleg avfall