Båtar
Båtar frå næringsverksemd kan vere alt frå sjarkar og transportbåtar til større lastefartøy og skip.
Det er viktig å levere båtar som har nådd slutten av si levetid til godkjende skipsopphoggarar, for å redusere miljøproblem båtar forårsakar når dei endar som avfall. Båtar frå næringsverksemd er ikkje omfatta av vrakpantordninga som gjeld for fritidsbåtar.
Slik handterer de Båtar på jobb
- Rydd båten for lause gjenstandar.
- Tøm båten for diesel, olje, septik og farleg avfall som naudbluss og pyroteknikk. Hell diesel og olje over på kanner og lever dei som farleg avfall.
- Prisen for levering varierer etter kor mykje avfall det er av båten og kva den veg.
- Båtar laga i jern eller aluminium har ofte ein positiv verdi fordi materiala kan bli gjenvunne.
- For båtar laga av glasfiber er det ei avgift ved levering til hogging.
Ta kontakt med avfallsselskapet de har avtale med for råd om handtering og levering av båten.
Typiske produkt de sorterer som båtar på jobb:
- Sjarkar og fiskebåtar
- Transportbåtar
- Lastefartøy
- Passasjerbåtar og ferjer
- Skip
- Redningsfartøy
Typiske produkt de ikkje sorterer som båtar på jobb:
- Fritidsbåtar som er omfatta av vrakpantordninga