Vindauge

Vindauge frå hus og bygningar, som enkle vindauge og vindauge som er merka med «Thermopane».

Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Vindauge på jobb

  1. Sorter vindauga separat frå anna avfall. Er du usikker på om vindauga inneheld PCB? Sorter dei som farleg avfall (sjå avfallstype Vindauge med PCB).
  2. Oppbevar vindauga ståande på pall eller stativ. Lever vindauga med ramme/karm.
  3. Emballer vindauga slik at emballasjen held seg heil og toler påkjenningar gjennom heile transporten.
  4. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.


Typiske produkt de sorterer som vindauge på jobb:

  • Isolerglasruter merka med «Thermopane»
  • Enkle vindauge
  • Terrassedører med glas


Typiske produkt de ikkje sorterer som vindauge på jobb:

  • Vindaugsruter med PCB (produsert frå 1965 til 1975)
  • Vindaugsruter med ftalatar (produsert frå 1990 til 2005)
  • Vindauge med klorparafinar (produsert frå 1975 til 1990)
  • Glasemballasje
  • Glas frå farmasøytisk og kjemisk industri
  • Bilglas
  • Krystall
  • Keramikk
  • Porselen
  • Eldfast glas