Kjemikaliar

Kjemikaliar er produkt, stoff eller forbindelsar som kan utgjere ein risiko for helse, tryggleik og miljø.

Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Kjemikaliar på jobb

  1. Sjå etter faremerke på emballasjen.
  2. Bruk verneutstyr ved handtering av kjemikaliar, unngå hudkontakt og innanding.
  3. Oppbevar ulike kjemikaliar separat i tette behaldarar med lokk.
  4. Merk emballasjen tydeleg med “farleg avfall”.
  5. Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no
  6. Treng de hjelp? Ta kontakt med avfallsselskapet de har avtale med.
  7. Har du blitt forgifta eller er usikker på om du har vore utsett for giftige kjemikaliar? Kontakt Giftinformasjonen (tlf. 22 59 13 00) for råd og oppfølging.


Typiske produkt de sorterer som kjemikaliar på jobb:

  • Syrer
  • Basar
  • Løysemiddel
  • Reingjeringsmiddel
  • Drivstoff og fyringsolje
  • Uorganiske og organiske kjemikaliar
  • Spillolje


Typiske produkt de ikkje sorterer som kjemikaliar på jobb:

  • Andre avfallstypar