Uorganisk avfall

Uorganisk avfall er ei samlenemning for avfallstypar som ikkje er nedbrytbare.

Sorter uorganisk avfall for å sikre gjenbruk av ressursane og for å hindre at miljøgifter kjem på avvege.


Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Uorganisk avfall på jobb

  1. Sorter uorganiske avfallstypar kvar for seg.
  2. Oppbevar avfallet i eigna behaldarar.
  3. Er avfallet farleg avfall? Merk emballasjen slik at det kjem tydeleg fram at avfallet er farleg avfall. Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
  4. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.


Typiske produkt de sorterer som uorganisk avfall på jobb:

  • Betong
  • Tegl og takstein
  • Forureina massar
  • Asfalt
  • Tjærepapp
  • Stein, grus og sand


Typiske produkt de ikkje sorterer som uorganisk avfall på jobb:

Organisk avfall som:

  • Park- og hageavfall
  • Slakteavfall
  • Organisk slam