Solfangarfolie

Solfangarfolie er folie som blir brukt for å beskytte plantar og avlingar mot kulde, vind og skadedyr.

Å kaste solfangarfolie i restavfallet er dyrt og tungvint, fordi ein mister moglegheita til å gjenvinne verdifulle ressursar, samstundes som kostnadene for avfallshandtering aukar.


Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Solfangarfolie på jobb

  1. Skill solfangarfolie og fiberduk frå kvarandre.
  2. Rull eller brett saman solfangarfolien.
  3. Sorter folien separat frå andre avfallstypar.
  4. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak. Bedrifta må dekke kostnadane for oppbevaring og transport til mottaksanlegget, men sjølve solfangarfolien er gratis å levere.


Produkt de sorterer som solfangarfolie på jobb:

  • Solfangarfolie


Produkt de ikkje sorterer som solfangarfolie på jobb:

  • Fiberduk
  • Gjødsel- og såkornsekkar
  • Rundballeplast
  • Rundballenett
  • Jord, sand og produktrestar
  • Andre typar plast og avfallstypar