Småelektronikk
Småelektronikk er produkt som går på straum eller batteri.
Ved å sortere småelektronikk gjer vi det mogleg å bruke mesteparten av materiala på nytt i nye produkt, og vi reduserer behovet for utvinning av nye råmaterialar.
Slik handterer de Småelektronikk på jobb
- Sorter småelektronikk separat frå annan elektronikk.
- Oppbevar avfallet i behaldarar som er eigna for lagring og transport, slik at avfallet ikkje blir knust.
- Lever småelektronikk til eit mottak som har avtale med eit godkjent returselskap for elektronikk. Det er gratis for bedrifter å levere småelektronikk til mottak som har avtale med eit godkjent returselskap for elektronikk.
- Inneheld elektronikken sensitiv informasjon? Lever avfallet i sikkerboks (S-boks) for å hindre at sensitiv informasjon kjem på avvege.
Typiske produkt de sorterer som småelektronikk på jobb:
- Datamaskiner
- Mobiltelefonar
- Nettbrett
- Støvsugarar og andre reingjeringsapparat
- Strykejern
- Brødristarar
- Barbermaskiner
- Klokker/ur
- Kaffitraktarar
- Vasskokarar
- Frittståande varmeomnar
Typiske produkt de ikkje sorterer som småelektronikk på jobb:
- Emballasje
- Batteri
- Lyskjelder
- Andre typar elektronikk
- Andre avfallstypar
- Anna avfall