Plastemballasje

Plastemballasje er ei samlenemning for ulike plasttypar som blir brukt i næringslivet.

Å kaste plastemballasje i restavfallet er dyrt og tungvint, fordi ein mister moglegheita til å gjenvinne verdifulle ressursar, samstundes som kostnadene for avfallshandtering aukar.


Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Plastemballasje på jobb

  1. Sorter dei ulike plastemballasjetypane kvar for seg.
  2. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak. Bedrifta må dekke kostnadane for oppbevaring og transport til mottaksanlegget, men sjølve plastemballasjen er gratis å levere. Dette gjeld for følgjande kategoriar:
  • Hardplastemballasje
  • PP-sekkar
  • EPS-emballasje
  • Folie frå handel og industri
  • Laminat
  • PP-folie


Typiske produkt de sorterer som plastemballasje på jobb:

  • Folie frå næringslivet (plastfolie, laminat, PP-folie osv.)
  • Hardplastemballasje (flasker, kanner, brett mm.)
  • PP-sekkar (vevde plastsekkar)
  • EPS-emballasje (isopor)


Typiske produkt de ikkje sorterer som plastemballasje på jobb:

  • EPS (isopor) som ikkje er emballasje, til dømes bygningsisolasjon
  • Presenningar
  • PVC-plast
  • Rundballefolie
  • Fiberduk frå landbruk
  • Solfangarfolie
  • Emballasje for farleg avfall