Plast

Plast er all plast som ikkje er emballasje. Døme på plastprodukt er brett, plastkassar eller kontorrekvisita i plast.

Når plasten blir sortert og gjenvunne til nye produkt, sparar vi både klimautslepp og bruk av naturressursar.


Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Plast på jobb

  1. Sorter produkt av plast eller delar av plast separat frå plastemballasje.
  2. Gjenvinningsselskapa har ulike system for sortering av plast. Er du usikker på kva som gjeld for di bedrift? Ta kontakt med avfallsselskapet de brukar.
  3. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.


Typiske produkt de sorterer som plast på jobb:

Plast som ikkje er plastemballasje:

  • Møblar i plast
  • Kontorrekvisita i plast
  • Plastrøyr
  • Blomsterkassar
  • Andre produkt av plast


Typiske produkt de ikkje sorterer som plast på jobb:

  • Plastemballasje
  • Oljekanner og anna emballasje frå farleg avfall
  • Plast som inneheld ftalatar og bromerte flammehemmarar