Organisk avfall
Organisk avfall er ei samlenemning for nedbrytbare avfallstypar.
Organisk avfall inneheld verdifulle ressursar som vi bør utnytte. Å deponere organisk avfall fører til betydelege utslepp av klimagassar og er ulovleg.
Slik handterer de Organisk avfall på jobb
- Sorter organiske avfallstypar kvar for seg.
- Oppbevar avfallet i eigna behaldarar.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.
- Organisk avfall kan de mellomlagre i ein periode dersom det er ein plan for sluttbehandling eller gjenbruk. Det er viktig å sikre mellomlagringa slik at den ikkje fører til forureining av omgjevnadene.
Typiske produkt de sorterer som organisk avfall på jobb:
- Matavfall / våtorganisk avfall
- Park- og hageavfall
- Slakteavfall
- Organisk slam
Typiske produkt de ikkje sorterer som organisk avfall på jobb:
Uorganisk avfall som:
- Betong
- Tegl og takstein
- Forureina massar
- Asfalt
- Tjærepapp
- Stein, grus og sand