Matavfall
Matavfall er restar av mat eller delar av maten som vi ikkje kan ete.
Slik handterer de Matavfall på jobb
- Lukt og smak på maten før du kastar den. Sjølv om datoen for «best før»-merkinga har passert, betyr ikkje det nødvendigvis at maten er dårleg. Mat som er merka med «siste forbruksdag» skal de ikkje ete.
- Sorter matavfall separat frå anna avfall.
- Emballert matavfall som oppstår i daglegvarebutikkar eller andre verksemder, kan de sortere på ein annan måte enn ved kjeldesortering dersom avfallet, med tanke på miljø, økonomi eller beste tilgjengelege teknikk, ikkje kan bli kjeldesortert.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak. Emballert matavfall som ikkje blir kjeldesortert, må de levere til eit anlegg som skil mat og emballasje, og som materialgjenvinn matavfallet.
Typiske produkt de sorterer som matavfall på jobb :
- Brød, frukt og grønsaker
- Tørkepapir og serviettar med matrestar
- Skrell, kjernehus, kaffegrut, eggeskal, bein, nøtteskal, rekeskal osv.
- Restar frå produksjon av kjøt, fisk, meieriprodukt, øl og mineralvatn, frukt og grønsaker, samt bakarvarer
Typiske produkt de ikkje sorterer som matavfall på jobb:
- Emballasje (plast, glas, metall)
- Emballert mat
- Ekskrement
- Bionedbrytbare og komposterbare produkt
- Bestikk og anna metall
- Blomar og hageavfall
- Treverk
- Jord, sand og grus
- Tekstilar