Maling, lim og lakk

Måling, lim og lakk kjem som regel i spann, boksar eller tubar. Desse produkta er farleg avfall og leveringspliktige.

Farleg avfall kan gjere stor skade på helse, miljø og dyr om det kjem på avvege (eller i restavfallet). Eldre produkt (produsert mellom 1940 og 1980) kan i tillegg innehalde særleg farlege miljøgifter som bly, PCB eller asbest.

Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Maling, lim og lakk på jobb

  1. Sorter måling, lim og lakk separat frå andre avfallstypar.
  2. Oppbevar avfallet i tette behaldarar.
  3. Merk emballasjen tydeleg med «farleg avfall».
  4. Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
  5. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.


Typiske produkt de sorterer som maling, lim og lakk på jobb:

  • Måling
  • Lim
  • Lakk
  • Silikon
  • Akryl
  • Fugemassar/kitt og sparkel utan polyester
  • Billakk, bil- og båtvoks
  • Linolje, treolje, golvlakk
  • Trykkfarge
  • Emballasje med restar av måling, lim, lakk
  • Tonerkassettar (skal sorterast for seg, ikkje saman med måling)


Typiske produkt de ikkje sorterer som maling, lim og lakk på jobb:

  • Fugelim og fugeskum som inneheld isocyanat
  • Sprayboksar
  • Løysemiddel
  • Målingsfjernar
  • Sparkel med polyester