Lyspærer og lysrøyr
Lyspærer og lysrøyr er alle typar lyspærer og lysrøyr, også LED-pærer/sparepærer.
Lyspærer og lysrøyr som inneheld kvikksølv og PCB er farleg avfall og leveringspliktig. Farleg avfall kan gjere stor skade på helse, dyr og miljø om det hamnar på avvege (eller i restavfallet).
Slik handterer de Lyspærer og lysrøyr på jobb
- Sorter lyspærer og lysrøyr kvar for seg, separat frå anna elektronikk.
- Emballer avfallet slik at det ikkje knuser under lagring og transport.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak. Bedrifta må dekke kostnadane for oppbevaring og transport til mottaksanlegget, men sjølve lyspærene og lysrøyra er gratis å levere.
Sparepærer og lysrøyr:
- Merk emballasjen tydeleg med «farleg avfall».
- Dokumenter avfallets opphav, kvalitet og type. Deklarasjonsskjema og rettleiing for korleis dette gjerast, finn du på avfallsdeklarering.no.
Typiske produkt de sorterer som lyspærer og lysrøyr på jobb:
Alle typar lyspærer og lysrøyr, også dei som inneheld kvikksølv:
- Kompakte lysstoffrøyr (sparepærer)
- Lysstoffrøyr
- Høgtrykkslampar
- Metallhalogenlampar
- Lågtrykksutladningslampar
- LED
- Andre produkt og utstyr av liknande type og storleik
Typiske produkt de ikkje sorterer som lyspærer og lysrøyr på jobb:
- Lyskjelder monterte i armatur
- Emballasje
- Andre typar elektronikk
- Anna avfall