Hageavfall
Hageavfall er alt biologisk nedbrytbart avfall som oppstår i og rundt park og hage.
Vanlege hageplantar, som ikkje er ein trussel i hagen, kan skade det biologiske mangfaldet dersom det spreier seg ut i naturen.
Slik handterer de Hageavfall på jobb
- Sorter hageavfall separat frå store stammar og stubbar.
- Oppbevar hageavfall i avfallssekkar eller i containerar.
- Lever hageavfall før nedbrytningsprosessen startar for å unngå lukt.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.
Typiske produkt de sorterer som hageavfall på jobb:
- Løv
- Gras
- Plantar
- Småkvist og greiner
- Mindre trestammar (d < 60 cm)
Typiske produkt de ikkje sorterer som hageavfall på jobb:
- Nedfallsfrukt og bær
- Treverk
- Impregnert treverk
- Sponplater
- Trestammar
- Røter
- Hagemøblar eller andre ting frå hagen
- Stein, jord, betong, metall eller andre harde ting
- Plastposar osv. Dersom du fraktar hageavfall i posar, tømmer du innhaldet på miljøstasjonen og sorterer posane som plast.