Folie frå handel og industri
Folie frå handel og industri er mjuk plast som blir brukt til mellom anna plastposar, sekkar, bobleplast og strekkfolie.
Det finst fleire typar folie, men den vanlegaste er LDPE-folie, fordi den toler mykje strekking før den rivnar. Folie frå handel og industri er ofte rein og einsarta og eignar seg difor godt til materialgjenvinning.
Slik handterer de Folie frå handel og industri på jobb
- Plasser sekkestativ for folie der varer blir pakka ut, og sorter avfallet i transparente sekkar. Merk avfallsbehaldarane tydeleg med rett plasttype.
- Fjern jord, stein, andre plasttypar, avfall, vatn og is frå plastfolien.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak. Bedrifta må dekke kostnadane for oppbevaring og transport til mottaksanlegget, men sjølve folien er gratis å levere.
- Er du usikker på kva som gjeld for di bedrift? Ta kontakt med avfallsselskapet de har avtale med.
Typiske produkt de sorterer som folie frå handel og industri på jobb:
Tørr, rein og farga/klar plastfolie som:
- Plastfolie
- Transportfolie
- Strekkfilm
- Bobleplast
- Krympeplast
- Plastsekkar/posar
Typiske produkt de ikkje sorterer som folie frå handel og industri på jobb:
- Hardplast
- Stroppeband
- EPS (Isopor)
- PP-folie (uelastisk plastfolie, knitrefolie)
- Plast som inneheld bromerte flammehemarar eller ftalatar
- Barrierefilm
- Produktrestar og andre avfallstypar