Flasker og boksar med pant

Pant alle boksar og flasker merka med pantemerket.

Alt som blir pant­a, blir resirkulert på den mest effektive måten, slik at verdifulle ressursar ikkje går tapt. Alle flasker og boksar som blir pant­a, blir resirkulerte til nye flasker og boksar.

Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Flasker og boksar med pant på jobb

  1. Oppbevar flasker og boksar med pantemerke i ein eigen pose/behaldar.
  2. Pant desse i ein panteautomat, eller lever dei inn til aktørar som sel flasker og boksar med pant (til dømes kiosk, bensinstasjon eller kantine).
  3. Flasker og boksar utan pantemerke sorterar de som plast-, metall- eller glasemballasje.


Typiske produkt de sorterer som flasker og boksar med pant på jobb:

  • Flasker med pantemerke
  • Boksar med pantemerke


Typiske produkt de ikkje sorterer som flasker og boksar med pant på jobb:

  • Flasker og boksar utan pantemerke
  • Glasflaske og glasemballasje
  • Metallboksar utan pant