Eksplosjonsfarleg avfall
Eksplosjonsfarleg avfall er avfall som utgjer ein fare for eksplosjon, til dømes ammunisjon, eksplosivar eller udetonert fyrverkeri.
Eit eksplosivt stoff eller produkt som blir utsett for eld, støyt eller trykk kan starte brann eller eksplodere.
Slik handterer de Eksplosjonsfarleg avfall på jobb
- Sorter brukte og ubrukte eksplosive produkt som farleg avfall. Oppbevar eksplosjonsfarleg avfall i god avstand frå andre avfallstypar.
- Lever eksplosjonsfarleg avfall i retur til produsent, importør eller forhandlar når varen skal takast ut av bruk og destruerast. Dette gjeld både brukte og ubrukte eksplosive stoff og produkt som er skadde (til dømes av fukt eller forureining) og/eller har gått ut på dato.
- Alle som skal oppbevare og/eller destruere eksplosivar, må ha løyve frå styresmaktene.
Typiske produkt de sorterer som eksplosjonsfarleg avfall på jobb:
- Sprengstoff (til dømes nitroglyserin, nitrocellulose, trinitrotoluen, hexogen, dynamitt eller nitratsprengstoff)
- Krutt (til dømes røyksvakt krutt eller svartkrutt)
- Tennmiddel brukt saman med andre eksplosivar
- Brukt og ubrukt ammunisjon (til dømes patronar, hylser, prosjektil, handgranatar, bomber, rakettar, miner, lys-, brann- eller røykboksar)
- Pyrotekniske varer (til dømes fyrverkeri, udetonert fyrverkeri, ubrukte fyrstikker, lys-, røyk- og brannsatsar)
Typiske produkt de ikkje sorterer som eksplosjonsfarleg avfall på jobb:
- Brukte fyrstikker
- Brukt fyrverkeri
- Andre avfallstypar