EPS
EPS er ein lett og voluminøs emballasje som ofte blir kalla isopor.
Vanlege bruksområde for EPS er fiskekassar og transportvern for elektronikk og møblar.
Slik handterer de EPS på jobb
- Plasser avfallsbehaldarar for EPS der varene blir pakka ut. Merk behaldarane tydeleg med sorteringsmerket for EPS.
- Sorter EPS i behaldarar eller i store sekkar (400 til 800 liter).
- Bruk komprimator dersom det er lite plass.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak. Bedrifta må dekke kostnadane for oppbevaring og transport til mottaksanlegget, men sjølve EPS/isoporen er gratis å levere.
Typiske produkt de sorterer som EPS på jobb:
- Transportbeskyttelse for elektronikk og møblar
- Fiskekassar
Typiske produkt de ikkje sorterer som EPS på jobb:
- EPS frå bygg- og anleggsbransjen som har andre bruksområde enn emballasje
- Plast som inneheld bromerte flammehemmarar eller ftalatar
- Andre avfallstypar