Drikkekartong

Drikkekartong er emballasje for mat, drikke eller vaske- og skyljemiddel.

Å kaste drikkekartong i restavfallet er dyrt og tungvint fordi ein mistar moglegheita til å gjenvinne verdifulle ressursar, samstundes som kostnadene for avfallshandtering aukar.

Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Drikkekartong på jobb

  1. Fyll litt vatn i drikkekartongen og rist den fri for restar.
  2. La kartongen tørke opp ned. Sorter kartongane med korken på.
  3. Brett drikkekartongen flat slik at den tek minst mogleg plass i behaldaren.
  4. Sorter drikkekartong saman med papiravfall.
  5. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak


Typiske produkt de sorterer som drikkekartong på jobb:

  • Mjølkekartongar og juicekartongar
  • Kartong frå pudding, saus, flytande vaske- og skyljemiddel av papp


Typiske produkt de ikkje sorterer som drikkekartong på jobb:

  • Plastemballasje
  • Glas- og metallemballasje
  • Drikkekartongar som inneheld mat- og drikkerestar