Dekk

Dekk består av ulike gummiblandingar og kan innehalde miljøgifter. Sorter dekk separat frå anna avfall.

Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Dekk på jobb

  1. Fjern felgar og andre element frå dekket.
  2. Sorter dekk i behaldar/container.
  3. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak. Bedrifta må dekke kostnadene for oppbevaring og transport til mottaksanlegget, men sjølve dekka er gratis å levere.


Typiske produkt de sorterer som dekk på jobb:

  • Personbildekk
  • Traktordekk 
  • Lastebildekk
  • Anleggsdekk


Typiske produkt de ikkje sorterer som dekk på jobb:

  • Felgar
  • Metallgjenstandar
  • Transportband
  • Gummibelte frå maskiner
  • Skytematter