Brukbare sko
Brukbare sko er reine og tørre sko i par som er heile og kan brukast som dei er.
Lever også sko som manglar lissar eller har mindre skjønnheitsfeil som brukbare sko. Brukbare sko leverer de saman med brukbare klede og tekstilar i eigne posar. Knyt posen godt igjen.
Slik handterer de Brukbare sko på jobb
- Ha ein fast plass der de samlar brukbare sko de ønskjer å levere. Vask eller skyl skoa dersom dei er tilgrisa.
- Lever brukbare sko som er reine og tørre i posar. Knytt posen godt igjen. Avhengig av kva ordning avfallsselskapet dykkar har, blir brukbare sko anten levert saman med brukbare klede og tekstilar eller saman med både brukbare og øydelagde klede og tekstilar i same straum.
Ta kontakt med avfallsselskapet de har avtale med for rettleiing eller informasjon om innlevering.
Typiske produkt de sorterer som brukbare sko på jobb:
- Joggesko
- Støvlettar
- Fotballsko
- Sandalar
Typiske produkt de ikkje sorterer som brukbare sko på jobb:
- Einslege sko
- Øydelagde sko
- Utslitne sko
- Våte sko
- Tilgrisa sko
- Hestesko