Brukbare klede og tekstilar
Brukbare klede og tekstilar er reine og tørre, og anten heile eller lette å reparere.
Klede og tekstilar som manglar ein knapp, har ein diskret flekk eller eit lite hol, blir rekna som brukbare dersom dei er lette å reparere. Brukbare sko i par leverer de inn saman med brukbare klede og tekstilar.
Slik handterer de Brukbare klede og tekstilar på jobb
Ha ein fast plass der de samlar brukbare klede og tekstilar. Vask klede og tekstilar som ikkje er reine. Skitne og våte klede og tekstilar sorterer de alltid som restavfall.
- Lever klede og tekstilar med logo (arbeidsklede, uniformer o.l.) til sikker handtering, slik at dei ikkje blir misbrukte av andre.
- Klede og tekstilar som har vore brukt til handtering av farleg avfall (til dømes kjemikaliar eller smittefarleg avfall) er òg farleg avfall og leveringspliktige.
Lever brukbare klede og tekstilar for seg, eller saman med øydelagde klede og tekstilar. Ta kontakt med avfallsselskapet de har avtale med for å avklare kva ordning som gjeld hos dykk.
Typiske produkt de sorterer som brukbare klede og tekstilar på jobb:
- Arbeidsklede
- Overskotstekstilar
- Ullklede, ullpledd og ullavfall frå produksjon
- Reklameartiklar som T-skjorter, gensarar og handlenett
- Handkle
- Helse- og hotelltekstilar som sengetøy, helseuniformer, kokkeklede, T-skjorter og liknande
- Dukar og tøyserviettar
Typiske produkt de ikkje sorterer som brukbare klede og tekstilar på jobb:
- Skitne klede og tekstilar
- Våte klede og tekstilar
- Klede og tekstilar med mange eller store hol
- Rivne klede og tekstilar
- Misfarga klede og tekstilar