Bromerte flammehemmarar
Bromerte flammehemmarar er kjemikaliar tilsett i mange ulike produkt for å gjere dei mindre brennbare.
Avfall med bromerte flammehemmarar er farleg avfall og leveringspliktig. Farleg avfall kan gjere stor skade på helse, miljø og dyr om det kjem på avvege (eller i restavfallet).
Slik handterer de Bromerte flammehemmarar på jobb
- Avfall med bromerte flammehemmarar som er over grensa for farleg avfall, sorterer de separat som eigen avfallstype.
- Emballer avfallet slik at emballasjen held seg heil og kan tole eventuelle påkjenningar under transport.
- Merk emballasjen slik at det kjem tydeleg fram at avfallet er “farleg avfall”.
- Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
- Avfallet blir henta hos bedrifta etter avtale med avfallsselskapet dykkar.
Typiske produkt de sorterer som bromerte flammehemmarar på jobb:
- Plast i elektroniske produkt, generelt plastkomponentar som blir varme under bruk
- Kablar og leidningar
- Gummi
- Brannsikre tekstilar som flammehemmande klede, teppe og møbeltrekk
- Isolasjonsmateriale (EPS, XPS, cellegummi, PE-skum, byggisopor)
Typiske produkt de ikkje sorterer som bromerte flammehemmarar på jobb:
Det er ikkje alle nemnde produkt som inneheld bromerte flammehemmarar. De må kunne dokumentere om avfallet er farleg avfall eller ikkje.
- Avfall med bromerte flammehemmarar under grensa for farleg avfall
- Farlege komponentar fjerna frå kassert utstyr (elektronikk) som inneheld bromerte flammehemmarar
- Anna avfall