Bekjempningsmidlar

Bekjempingsmidlar er farleg avfall og kjem på kanner og liknande som flytande stoff eller i pulverform.

Emballasje som er tom, men ikkje reingjort, er også farleg avfall.

Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Bekjempningsmidlar på jobb

  1. Bruk verneutstyr ved handtering. Unngå søl og sprut på hud og auge.
  2. Lever helst farleg avfall i originalemballasjen. Emballasje som er tom, men ikkje reingjort, er også farleg avfall.
  3. Sorter bekjemingsmidlar med og utan kvikksølv kvar for seg.
  4. Merk emballasjen tydeleg med “farleg avfall”.
  5. Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
  6. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.


Typiske produkt de sorterer som bekjempingsmiddel på jobb:

Bekjempingsmiddel med kvikksølv

  • Landbrukskjemisk avfall som inneheld farlege stoff
  • Gamle plantevernmiddel


Bekjempingsmiddel utan kvikksølv

  • Plantevernmiddel utan kvikksølv (fast og flytande)
  • Soppmiddel
  • Ugrasmiddel
  • Insektmiddel
  • Rotte- og musegift
  • Myggspray
  • Andre middel til bekjemping av skadedyr utan kvikksølv


Typiske produkt de ikkje sorterer som bekjempingsmiddel på jobb:

  • Anna avfall