Batteri
Batteri er alt frå småbatteri som blir brukte i klokker, lommelykter og trådlause tastatur, til store naudstraumsbatteri og batteri i elektriske bilar og skip.
Batteri som inneheld bly, kvikksølv eller kadmium, er svært skadelege for både menneske, dyr og miljø. Når vi sorterer batteria riktig, sørgjer vi for at dei blir handterte på ein trygg måte utan at miljøgifter lek ut.
Slik handterer de Batteri på jobb
Sorter ulike batteritypar i eigne grupper og deklarer kvar for seg.
- Teip polane på batteria før de legg dei i behaldarar, for å unngå kortslutning og brann.
- Sorter ulike batteritypar kvar for seg.
- Oppbevar batteria i behaldarar med lokk.
- Merk emballasjen tydeleg med “farleg avfall”.
- Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak. Bedrifta må dekke kostnadene for oppbevaring og transport inn til mottaksanlegget, men sjølve batteria er gratis å levere.
Typiske produkt de sorterer som batteri på jobb:
- Nikkel- og kadmiumbatteri
- Oppladbare litiumbatteri
- Eingongs litiumbatteri
- Kvikksølvhaldige batteri
- Småbatteri
Typiske produkt de ikkje sorterer som batteri på jobb:
- Lyspærer
- Elektronisk avfall