Basar
Basar er i flytande, fast eller pulverform og kjem på flasker eller kanner.
Basar er leveringspliktige og skal sorterast som farleg avfall. Farleg avfall kan gjere stor skade på helse, miljø og dyr om det kjem på avvege (eller i restavfallet).
Slik handterer de Basar på jobb
- Bruk verneutstyr ved handtering av basar, unngå hudkontakt og innanding.
- Oppbevar basar i tette behaldarar med lokk.
- Sorter organiske og uorganiske basar kvar for seg.
- Merk emballasjen tydeleg med “farleg avfall”.
- Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
- Avfallet blir henta hos bedrifta etter avtale med avfallsselskapet dykkar.
Typiske produkt de sorterer som basar på jobb:
Sorter organiske og uorganiske basar kvar for seg:
Organiske basar:
- Aminar
- Nitrogenhaldige forbindelsar
Uorganiske basar:
- Ammoniakk
- Lutløysingar
- Avløpsrens
- Salmiakk
- Klorin
- Plumbo
- Sement- og mørtelprodukt
Typiske produkt de ikkje sorterer som basar på jobb:
Organiske syrer
- Uorganiske syrer
- Løysemiddel
- Reingjeringsmiddel
- Kvikksølvhaldige kjemikaliar