Avfall med ftalat
Ftalat er ein type stoff som blir brukt i ulike produkt, hovudsakleg som mjukgjerar i plast, særleg i PVC. Avfall med ftalat er farleg avfall og leveringspliktig.
Farleg avfall kan gjere stor skade på helse, miljø og dyr om det kjem på avvege (eller i restavfallet).
Slik handterer de Avfall med ftalat på jobb
- Sorter avfall med ftalat separat frå anna avfall.
- Sørg for at emballasjen er tett og kan tole eventuelle påkjenningar under transport.
- Merk emballasjen tydeleg med “farleg avfall”.
- Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til godkjent mottak.
Typiske produkt de sorterer som avfall med ftalat på jobb:
- Golvbelegg (t.d. vinylbelegg) og takbelegg
- Kablar og leidningar
- Fugemasse
- Understellsbehandling av bilar
- Membranar for våtrom
Dersom produktet har ingrediensliste, kan du sjå etter:
- Phthalate
- Di(2-ethylhexyl)phthalate
- Di(2-etylheksyl)ftalat
- Dietylheksylftalat
- DEHP
Typiske produkt de ikkje sorterer som avfall med ftalat på jobb:
- Anna avfall
- Anna byggavfall