Asbest
Asbest er eit trådforma mineral som lett løyser seg opp og avgir støv.
Bruk av asbest i bygg vart forbode i 1980, men det kan likevel vere asbest i bygg sett opp før 1986. Asbest er farleg avfall og leveringspliktig.
Slik handterer de Asbest på jobb
- Bruk verneutstyr ved handtering.
- Lever asbestavfall emballert i to lag plast eller i ein lukka, gjennomsiktig sekk. Emballasjen skal hindre spreiing av asbeststøv.
- Merk emballasjen tydeleg med «inneheld asbest».
- Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
- Kontakt mottak for pristilbod på henting eller levering av asbest. Mottaket må ha løyve frå Arbeidstilsynet for å kunne ta imot asbestavfall.
Typiske produkt de sorterer som asbest på jobb:
- Asbest
Typiske produkt de ikkje sorterer som asbest på jobb:
- Anna avfall