Øydelagde klede og tekstilar
Øydelagde klede og tekstilar er reine og tørre klede og tekstilar som er utslitne, holete, flekkete eller som av andre årsaker ikkje kan bli brukt om att til same formål.
Finn avfallsselskap i kart →
Slik handterer de Øydelagde klede og tekstilar på jobb
Ha ein fast plass der de samlar øydelagde klede og tekstilar.. Vask klede og tekstilar som ikkje er reine. Skitne og våte klede og tekstilar sorterer de alltid som restavfall.
- Lever klede og tekstilar med logo (arbeidsklede, uniformer o.l.) til sikker handtering, slik at dei ikkje blir misbrukte av andre.
- Klede og tekstilar som har vore brukt til handtering av farleg avfall (til dømes kjemikaliar eller smittefarleg avfall) er òg farleg avfall og leveringspliktige.
Lever øydelagde klede og tekstilar for seg, eller saman med brukbare klede og tekstilar. Ta kontakt med avfallsselskapet de har avtale med for å avklare kva ordning som gjeld hos dykk.
Typiske produkt de sorterer som øydelagde klede og tekstilar på jobb:
- Utslitne klede og tekstilar
- Klede og tekstilar med hol
- Klede og tekstilar som er rivne
- Klede og tekstilar med synlege flekkar som ikkje går vekk i vask
- Tynnslitne sengeklede og handklede
Typiske produkt de ikkje sorterer som øydelagde klede og tekstilar på jobb:
- Skitne klede og tekstilar
- Våte klede og tekstilar
- Øydelagde sko
- Madrassar