Metall
Jern og metall er alle typar metall, både magnetiske og ikkje-magnetiske, som ikkje er metallemballasje.
Jern og metall er ettertrakta råvarer, og mange aktørar/mottak betalar for innlevering av metallavfall.
Slik handterer de Metall på jobb
- Sorter ulike typar jern og metall kvar for seg, då får du ofte ein betre pris når det blir levert til materialgjenvinning.
- Jern og metall er attraktive materiale. Oppbevar metallavfall på ein trygg stad, utilgjengeleg for uvedkommande.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.
Typiske produkt de sorterer som metall på jobb:
- Jern
- Aluminium
- Kopar
- Bly
- Sink
- Messing
- Tomme og tørre malingsboksar
- Stålband
- Rustfrie og syrefaste material
Typiske produkt de ikkje sorterer som metall på jobb:
- Elektronikk
- Kvitvarer
- Farleg avfall
- Behaldarar under trykk
- Metallemballasje