Herdarar

Herdarar er stoff som blir bruk i plast eller lim for å få det til å stivne eller herde.

Herdarar er farleg avfall og leveringspliktig. Farleg avfall kan gjere stor skade på helse, miljø og dyr om det hamnar på avvege (eller i restavfallet).


Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Herdarar på jobb

  1. Bruk verneutstyr ved handtering. Unngå søl og sprut, herdarar kan gje etseskadar og irritere luftvegar, auge og hud.
  2. Oppbevar herdarar separat frå brennbare stoff. Hald organiske og uorganiske sambindingar åtskilde.
  3. Emballer avfallet slik at emballasjen held seg heil og kan tole eventuelle påkjenningar under transport.
  4. Merk emballasjen slik at det kjem tydeleg fram at avfallet er farleg avfall. 
  5. Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
  6. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.


Typiske produkt de sorterer som herdarar på jobb:

  • Hydrogenperoksid
  • Herdeplast/epoksy
  • Permanganat
  • Isocyanat
  • Natrium, kalium, kalsium, karbid


Typiske produkt de ikkje sorterer som herdarar på jobb:

  • Måling
  • Lim
  • Lakk