Overflatebehandla trevirke

Overflatebehandla trevirke er trevirke som er behandla, men som ikkje blir rekna som farleg avfall. Dette gjeld til dømes trevirke med måling, lim eller lakk.

Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Overflatebehandla trevirke på jobb

  1. Sorter overflatebehandla trevirke separat frå anna trevirke.
  2. Spikar, skruar og beslag er som regel greitt å ha med ved levering.
  3. Ulike mottak har forskjellige krav til sortering av trevirke. Er du usikker på kva som gjeld for di bedrift? Ta kontakt med avfallsselskapet de har avtale med.


Typiske produkt de sorterer som overflatebehandla trevirke på jobb:

  • Kryssfinerplater
  • Huntonittplater
  • Sponplater
  • Trevirke som inneheld materiale som er behandla med til dømes måling, lim, lakk eller kjemikaliar, men som ikkje blir rekna som farleg avfall.


Typiske produkt de ikkje sorterer som overflatebehandla trevirke på jobb:

  • Impregnert trevirke (CCA-, Cu- eller kreosotbehandla)
  • Brannhemmande plater
  • Avfall som ikkje er trevirke
  • Nytt impregnert treverk (Cu-impregnert)
  • Vindaugskarmar frå isolerglasruter
  • Flis