Vindauge med PCB
Tommelfingerregelen er at alle vindauge produsert i Noreg i perioden 1965–1975, og alle importerte vindauge produsert fram til 1980, inneheld PCB.
Vindauge med PCB er farleg avfall og leveringspliktig. Farleg avfall kan gjere stor skade på helse, miljø og dyr dersom det kjem på avvege (eller hamnar i restavfallet).
Slik handterer de Vindauge med PCB på jobb
- Sorter isolerglasruter med PCB for seg, og ikkje saman med anna avfall. Unngå hudkontakt når du handterer rutene.
- Oppbevar rutene ståande på pall eller i stativ som er tilpassa vindauge.
- Unngå å knuse rutene. Knuste ruter oppbevarer de i lukka container.
- Lever vindauga med ramme/karm. Det er forseglingslimet som festar ruta til treramma, som inneheld PCB. PCB kan òg trekke inn i treverket.
- Pakk avfallet slik at emballasjen held seg heil og toler dei påkjenningane som kan oppstå under transport.
- Merk emballasjen tydeleg med «farleg avfall».
- Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.
Typiske produkt de sorterer som vindauge med PCB på jobb:
- Vindauge med PCB produsert i Noreg i perioden 1965–1975
- Importerte ruter produsert fram til 1980
Typiske produkt de ikkje sorterer som vindauge med PCB på jobb:
- Andre typar isolerglasruter
- Andre typar avfall eller farleg avfall
- Vindauge merka med «Thermopane»
- Enkle og kopla vindauge
- Norske vindauge produsert etter 1975, og utanlandske produsert etter 1980