Spillolje
Spillolje er brukt olje som ikkje lenger kan bli brukt til sitt opphavlege formål. Spillolje er farleg avfall og leveringspliktig.
Farleg avfall kan gjere stor skade på helse, miljø og dyr dersom det kjem på avvege (eller hamnar i restavfallet).
Det finst ei refusjonsordning for brukte hydraulikk- og smøreoljer det er betalt smøreoljeavgift for. Det blir ikkje gitt refusjon for spillolje som er eldre enn eitt år, eller som inneheld anna avfall.
Slik handterer de Spillolje på jobb
- Bruk verneutstyr ved handtering, og unngå hudkontakt og innanding.
- Oppbevar spillolje på tank eller i ein tett behaldar.
- Merk emballasjen slik at det kjem tydeleg fram at avfallet er farleg avfall.
- Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
- Avfallet blir henta hos bedrifta etter avtale med avfallsselskapet deira.
Typiske produkt de sorterer som spillolje på jobb:
Refusjonsberettiga og ikkje-refusjonsberettiga spillolje omfattar:
- motor- og girsmøreolje
- industriell smøreolje
- trafo- og brytarolje
- olje drenert frå oljefilter
- olje frå oljefylte omnar
- refusjonsolje generert på skip (med unntak av olje generert på skip med totallengd over 250 fot i internasjonal sjøfart/utanriksfart)
Typiske produkt de ikkje sorterer som spillolje på jobb:
- Brukt eller gjenvunnen råolje, prosessolje, bunkersolje, kabelolje, silikonolje, fyringsolje, drivstoff, biologisk olje eller uorganisk olje
- Oljeemulsjonar, skjereoljer, slop og olje frå oljeutskiljarar eller importert olje
- Flytande og pastøst avfall som ikkje inneheld gjenstandar som verktøy, hanskar, filler eller liknande
- Andre avfallstypar