Reingjeringsmiddel

Reingjeringsmiddel til reingjering av til dømes kontorlokale, varebil eller båt.

Flasker med restar er farleg avfall og leveringspliktige. Farleg avfall kan gjere stor skade på helse, miljø og dyr dersom det kjem på avvege (eller i restavfallet).

Tomme og drypptørre flasker der emballasjen er merka med Helsefarlig, Miljøfarlig og/eller Etsende, sorterar de som plastemballasje. Det same gjeld for tomme og drypptørre flasker merka med Advarsel under faresymbola Brannfarlig og Kronisk helsefare.

Finn avfallsselskap i kart 

Slik handterer de Reingjeringsmiddel på jobb

  1. Bruk verneutstyr ved handtering. Unngå søl og sprut på hud og auge.
  2. Lever helst farleg avfall i originalemballasjen. Flasker det er att innhald i leverer de alltid som farleg avfall.
  3. Merk emballasjen slik at det kjem tydeleg fram at avfallet er farleg avfall. 
  4. Dokumenter opphav, kvalitet og type avfall. Deklarasjonsskjema og rettleiing til korleis de gjer dette, finn de på avfallsdeklarering.no.
  5. Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak.


Typiske produkt de sorterer som reingjeringsmiddel på jobb:

  • Klorin
  • Salmiakk
  • Plumbo
  • Møbelpolish
  • Sølvpuss
  • Bilvask
  • Avfeittingsmiddel


Typiske produkt de ikkje sorterer som reingjeringsmiddel på jobb:

  • Løysemiddel
  • Organiske eller uorganiske syrer og basar