Storsekk
Storsekk er ein sterk og praktisk vevd plastsekk som rommar frå 1 til 2 kubikkmeter.
Storsekk veg mykje samanlikna med andre plasttypar, og er difor lønnsam å få ut av restavfallet.
Slik handterer de Storsekk på jobb
- Sorter storsekkar for seg.
- Sørg for at sekkane er tomme for jord, sand og anna forureining. Vreng og rist sekkane før sortering. Ikkje skil inner- og yttersekk frå kvarandre.
- Legg gjerne fleire sekkar oppi ein annan.
- Avhengig av kva avtale de har, blir avfallet anten henta hos dykk, eller så leverer de det til næraste mottak. Bedrifta må dekke kostnadane for oppbevaring og transport til mottaksanlegget, men sjølve sekkane er gratis å levere.
Typiske produkt de sorterer som storsekk på jobb:
- Tomme og reine storsekkar av PP
Typiske produkt de ikkje sorterer som storsekk på jobb:
- Anna plastemballasje enn storsekk (PP-sekk)