Glasemballasje

Syltetøyglas

Sorteres som Glasemballasje i

Når syltetøyglaset er tomt, fyller du det med litt kaldt vatn, skrur på lokket og rister for å fjerne mest mogleg restar. Ta eventuelt ein sveip med oppvaskbørsten om det trengs. Hell ut vatnet og rist glaset tørt. Tips: Bytt ut vatnet med mjølk, så får du eit herleg glas milkshake!

Etiketten kan sitte på når du sorterer, men lokket treng du ikkje skru på igjen. Det er lettare å skilje glas og metall frå kvarandre på gjenvinningsanlegget når glasemballasjen ikkje har lokket på.

Fyll glaset! Syltetøyglas er kjempefine å bruke om igjen. Fyll glaset med heimelaga syltetøy, kjøleskapsgraut, stiklingar eller sylta raudlauk. Sjekk ut fleire ting du kan fylle glaset med her.