Farleg avfallPlastemballasje

Sølvpuss

Sorterer de som Farleg avfall eller Plastemballasje i

Greit å vite

  • Plastemballasjen er klar for sortering når det ikkje er matrestar eller andre produktrestar igjen.

  • Er du i tvil om noko er farleg avfall, er det best å ikkje ta sjanser: levér det uansett som farleg avfall.
     
    Farleg avfall inneheld miljø-og helseskadelege stoff og kan gjere stor skade om det havnar på avvege (eller i restavfallet).

Sorter tomme behaldarar av plast som plastemballasje, og tomme behaldarar av glas som glasemballasje.

Er det restar igjen i behaldaren leverer du den som farleg avfall.

Slik kan du friske opp sølvet med enkle ingrediensar du kanskje allereie har på kjøkenet:

  1. Bland ein liter lunka vatn, ei teskei salmiakk og nokre dråpar Zalo i ein plastbolle.
  2. La bunadssølvet ligge i blandinga i 10-15 minutt.
  3. Vask det forsiktig med ein liten og mjuk kost, for eksempel ein gamal tannbørste.
  4. Skyl med reint vatn, og tørk med ein mjuk klut.

Kjelde: Sylvsmidja